Saman som kyrkje i heile verda

Hareid sokn er med på aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda" og med vår misjonsavtale i Thailand sett vi ytterlegare fokus på å støtte dei som er hardt råka av koronapandemien.

Saman som kyrkje i heile verda

Gjennom aksjonen “Saman som kyrkje i heile verda” (13. mai-23. juni) er Hareid kyrkjelyd med på å støtte søsterkyrkjer som er hardt råka av korona-pandemien. Når kyrkjer og hjelpeorganisasjonar har fått ekstra store diakonale oppgåver i møte med koronakrisa, er mange prosjekt blitt sett på vent, og pengar omprioritert til hjelpetiltak.

Kyrkjelyden i Hareid har gjennom misjonsutvalet inngått ein 4-årig misjonsavtale i Thailand via NMS, der midlane som blir samla inn går til arbeid med barn og utdanning i Thailand. Avtalen er å samle inn minimum kr 40.000 per år. Misjonsutvalet tilrettelegg ulike prosjekt og aktivitetar gjennom året der innsamla midlar går til misjonsprosjektet vårt i Thailand. Bli med å støtt når vi har arrangement og aktivitetar til inntekt for dette, og bidra saman som kyrkje i heile verda.

No i korona-situasjonen har Møre biskop og bispedømeråd utfordra kyrkjelydane i Møre bispedømme til misjonssolidaritet! Aksjonen er landsdekkande. Initiativet til denne aksjonen kjem frå ulike bispedøme i Noreg, i samarbeid med dei sju organisasjonane som er med i SMM – Samarbeid menighet og misjon. Sjå kirken.no/SMM

Soknet vil i denne aksjonsperioden promotere både prosjektet og misjonsavtalen vår ytterlegare, for å bidra i denne sårbare pandemitida.

Leiar i misjonsutvalet, Jahn Kjell Fjørtoft, seier at vi i dei siste åra har samla inn følgande til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Thailand:

2018: Litt over kr 77.000 (inkl. faste givarar direkte til NMS).
2019: Litt over kr 49.000 (faste givarar direkte til NMS - kjem i tillegg).
2020: Litt over kr 63.000 (inkl faste givarar direkte til NMS) då var Holesanden og Middag & misjon avlyst. Blei innsamling via loddbøker, offer og kyrkjekaffi, samt nokre store enkeltgåver.


Vi fortsett arbeidet vårt i Thailand - Saman som kyrkje i heile verda!

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"